Som ein tjuv i natta

Ignorance er eit heilstøypt album der alt fell på plass slik det skal.

Tamara Lindeman lanserer no det femte studioalbumet til The Weather Station.
Tamara Lindeman lanserer no det femte studioalbumet til The Weather Station.
Publisert

Kva ser du føre deg når du høyrer ordet tjuv? Ein hanskekledd skapnad på veg over gjerdet, klar til å fylle bagen med verdisaker?

Låten «Robber» teiknar opp eit slikt bilete, berre for å avskrive det, i sine første verseliner: «I never believed in the robber/ I never saw nobody climb over my fence/ No black bag, no gloved hand.»

Opningssporet på The Weather Stations ferske album Ignorance dreg deg inn med sitt mystiske anslag, også fordi det er eit sofistikert stykke popmusikk. I skuggane lurer Massive Attack i rytmesporet og strykarane, og tankane går likeins til band som Talk Talk og The Blue Nile, både for måten Brodie West trakterer saksofonen på, og for pianoklunkinga til Tamara Lindeman.

Eit tjuveri

Den canadiske 36 år gamle songaren og låtskrivaren Lindeman, som lagar plater under artistnamnet The Weather Station, er det sentrale midtpunktet på Ignorance, som er spelt inn i Toronto våren 2019.

Etter kvart som «Robber» opnar seg, teiknar ho eit nytt bilete av tjuven: «He had permission/ Permission by words/ Permission of thanks/ Permission by laws/ Permission of banks.» Du skal altså sjå føre deg Onkel Skrue, ikkje B-gjengen. Vi, og framtidige generasjonar, vert rundstolne her og no, vi er blinde for det ultimate tjuveriet som føregår rett framfor auga våre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement