Solid spel frå nordvest
Britt Pernille Frøholm har fordjupa seg i musikken etter Kjelstad-brørne frå Sunnylven.
Folkemusikk
Britt Pernille Frøholm:
Fokhaugen
Kviven Records
Også på denne tredje soloplata til honndølen Britt Pernille Frøholm er det tradisjonelt felespel frå Nordfjord og søre Sunnmøre som står i fokus. Men denne gongen har ho avgrensa seg til musikk som kan knytast til brørne Ole og Ivar Kjelstad frå Sunnylven.
Eldre slåttespel
Samstundes som dei forvalta det eldre slåttespelet, med springar, halling og brureslåttar, spela dei òg runddansmusikk, vals og reinlendar og var opptekne av den nasjonale dimensjonen ved folkemusikken. Ole Bull og Myllarguten var store inspirasjonskjelder.
Det meste av repertoaret på plata er funksjonell musikk – danseslåttar eller brudlaupsmusikk – men her er òg konsertmusikk. Lydarslåtten «Bjøllekua Liaros» har alle dei typiske elementa for denne nasjonalromantiske utgåva av folkemusikken. Her er flittig bruk av glidetonar høgt oppover felehalsen, sentimentale melodiske element i moll, fri rytmisk utforming og ekkoeffektar. Eit par lokale salmemelodiar har det òg vorte plass til.
I denne delen av landet har det vore vanleg å veksla mellom vanleg fele og hardingfele – noko Frøholm òg gjer. Og ho meistrar begge feletypande sikkert og med autoritet. Stilen hennar er nøktern. Ho freistar ikkje å setja sitt eige særpreg på slåttane, men er meir ute etter å formidla kjernen i dei, anten det handlar om spretne springarar eller kontemplative salmar.
Speltradisjon
Som vanleg, når det gjeld dagens folkemusikkplater, er det også her eit fyldig teksthefte med rikeleg med informasjon om speltradisjonen og små soger som er knytte til slåttane – både på norsk og på engelsk. Den fysiske versjonen av utgjevinga vert såleis meir enn berre lydreproduksjon, men ei vakker og informativ kjelde for dei som vil setja seg meir inn i denne rike musikkskatten frå Nordvestlandet.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.