JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Sokkelesten ut or sofakroken

Unik klubbmusikk frå Sør-Afrika tar verdas stovegolv med storm.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1722
20210319
1722
20210319

Elektronisk
musikk

DJ Black Low:

Uwami

Awesome Tapes From Africa

Frå det sørafrikanske musikkbiletet kjenner vi humor-rap-gruppa Die Antwoord, som med tekstar på afrikaans og engelsk med tjukk afrikaansaksent, spelar hardt på harry estetikk lånt frå 90-tals eurodance og sørafrikansk rånekultur.

Dei siste åra har ein dunkel klubbmusikksjanger frå Durban, kalla gqom, blitt popularisert på dansegolv rundt den ganske verda. For tida er ampiano, ein avart av house, loungemusikk og jazz, svært populær på den sørafrikanske klubbmusikkscena. Og no har den 20 år unge produsenten DJ Black Low sleppt debutplata si, Uwami, på plateselskapet Tapes From Africa.

Uwami er ein interessant affære. Den unge produsenten hentar inspirasjon frå ampiano, men driv fri omgang med sjangerkonvensjonane. Dei drivande rytmane er spekka med smakfulle variasjonar og vokal (av forskjellige songarar med tekstar på språk som sepedi, setswana og isizulu). Akustisk perkusjon vert blanda, eller, med tanke på den trillande skarptrommeprogrammeringa, kvervla saman med elektroniske etterlikningar av ymse instrument av så syntetisk karakter at det stundom nærast læt som lydane er støypte i den reinaste plastikk.

Resultatet er noko heilt unikt. Uwami er eit heidundrande debutalbum med stort potensial for å få den heimeisolerte sokkelesten vekk frå sofakroken og ut på golvet, no når den tredje smittebølgja for alvor skyl over oss. Og sidan det er tale om DJ Black Lows debutalbum, skal dette bli ein interessant artist å trippe taktfast inn i framtida med.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar, biletkunstar og fast musik­k­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis