Musikk

Sober triojazz

82 år gamle Gary Peacock held til dei grader koken.

Publisert

Det er fascinerande å lytta til Garry Peacocks eigne trioplater. I Jarrett-trioen har han ei meir tilbaketrekt rolle. Der er det aksen Jarrett–DeJohnette som fangar mest merksemd. Når Peacock er kapellmeister, er han i fokus på alle vis. Ikkje berre har han komponert fem av elleve låtar, men han er også gjennomgåande det musikalske dreiemomentet, og har ein framskoten plass i lydbiletet.

Oppfølgjar

Tangents er ein oppfølgjar til og ei vidareføring av Now This (2015, ECM) med same besetning. Sjølv om plata stilistisk er forankra i ein post-Evans/Bley-tradisjon, spenner Peacock og kompani opp eit vidt lerret. Trioen er på sitt mest innyndande og melodiøse i Alex Norths smellvakre «Spartacus» og Davis/Evans-låten «Blue in Green», på sitt mest groovande i Peacocks «Tempei Tempo» og på sitt friaste og mest flegmatiske i Barons «In And Out» og i improvisasjonen «Empty Forest». I sistnemnde får også innspelingsstudioet Auditorio Stelio Molo i Lugano vist seg fram på sitt mest fordelaktige. I det heile er lyden på denne plata ein sann svir frå byrjing til slutt.

Spenstig

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement