Snøgg Schubert
Sjølv om B’Rock Orchestra spelar Schuberts symfoniar i høgt tempo, greier dei å halda på roa.
Den austerrikske komponisten Franz Schubert (1797–1828), måla av Gábor Melegh i 1827.
Berre 16 år var han, wienaren Franz Schubert, då han i 1813 fullførte den fyrste symfonien sin. Som komponisttype var han ein som måtte arbeida seg fram til kunnskap og smak innan tonekunsten, eit blodslit som ikkje blei lettare av at faren la ned strengt komposisjonsforbod. Eg har sett dei fyrste freistnadene hans i strykekvartettsjangeren; det interessante ved desse er ikkje at dei er gode (somme er beint fram skjematisk konstruerte), men at dei syner Schuberts utvikling. I Symfoni nr. 1 i D-dur, D 82, er han derimot i mål både teknisk og kunstnarleg. Sjølv om Haydns mogne symfoniske stil skin gjennom, er stykket genuint schubertsk, med denne særeigne blandinga av lettskap og melankoli som skulle bli varemerket hans.
Irriterande insekt
Kva anna er schubertsk ved fyrstesymfonien? Fyrst og fremst den dramatiske teften hans, sansen for musikalsk dramatikk han seinare forfina i songane sine. Dette får innspelinga med belgiske B’Rock Orchestra og dirigenten René Jacobs spesielt fint fram. Ta til dømes opninga av fyrstesatsen, som er markert med «Adagio», og som her blir spelt snøggare enn vanleg: Får ikkje dei punkterte rytmane, fanfarane i trompetane og dei kvervlande pauketrillane oss til å tenkja på eit tungt sceneteppe på veg opp?
Schubert har her frigjort seg frå all skjematisk tenking. Satsen må ha overraska publikum i samtida, særleg når det gjeld det formale, for i den tradisjonelle symfonieksposisjonen med to kontrasterande tema er det her hovudtemaet som tek mest all plass. Meir konvensjonell, men ikkje mindre vakker, er den Mozart-inspirerte andresatsen «Andante», som B’Rock Orchestra også spelar i relativt høgt tempo; snøggleiken framhevar det landleg lyriske uttrykket og gjer det ukunstla. Bakpå ligg dei heller ikkje i sistesatsen «Allegro vivace» – raskare har eg aldri høyrt han framført. I byrjinga blir den lynsnare, lett monomane fiolinmelodien på beethovensk vis halden i sjakk av veldige slag frå trompetane og paukane. Det er som om messingblåsarane langar ut mot irriterande insekt.
Detaljarbeid
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.