Smakfullt samansett

Det Norske Solistkor briljerte med kjernerepertoaret sitt under Festspillene i Bergen – i Oslo.

Det Norske Solistkor, som blir leidd av Grete Pedersen, feirar 70 år i år.
Det Norske Solistkor, som blir leidd av Grete Pedersen, feirar 70 år i år.
Publisert

Det Norske Solistkors konsertar har lenge vore høgdepunkt under Festspillene i Bergen – å oppleva dei i den vedunderlege akustikken i Håkonshallen er noko ein hugsar. Det var der årets konsert eigentleg skulle vera. I staden får me sjå og høyra koret frå Trefoldighetskirken i Oslo, ei framføring som ligg ute på heimesida til Festspillene.

Dansande

For to år sidan gav Solistkoret ut eit av sine beste album, med Johann Sebastians Bachs (1685–1750) motettar. På konserten fekk me to verk frå dette kjernerepertoaret, som opna med den virtuose dobbelkor-motetten Singet dem Herrn ein neues Lied, BWV 225. Det er merkeleg å tenkja på at Bach truleg komponerte stykket til ei gravferd, for det me høyrer, er det motsette av sorgsamt. Særleg godt likar eg måten koret syng den tredje delen på, som er den lystigaste. Dirigenten Grete Pedersen overdriv nemleg ikkje tempoet, som så mange andre kordirigentar gjer, for trass i kaskadane av snøgge sekstendelsnotar, bør grunnpulsen vera roleg og dansande.

God var òg tolkinga av den meir alvorsame motetten Jesu, meine Freude, BWV 227, også den for dobbelkor, altså åtte stemmer. Framføringa synte at koret lever opp til namnet sitt, for i partia der den kompositoriske strukturen er skrinnare, merka me kor dyktige einskildsongarane er.

Liberté

Den andre og yngste komponisten på programmet var franskmannen Francis Poulenc, som i mellomkrigstida var medlem av «Les Six». Dette var ei laus samanslutning av komponistar som ynskte eit oppgjer med impresjonistane, særleg Claude Debussy. Og det fyrste Poulenc-stykket kunne ikkje vore fjernare frå impresjonismen: Quatre petites prières de saint Francois d’Assise («Fire små bøner av St. Frans av Assisi»), FP 142 (1948) for mannskor a capella. Poulenc kombinerer her arkaiske former frå klostersongen i mellomalderen med sin eigen moderne harmonikk. Musikken har difor preg av noko tidlaust, noko som gjeld på tvers av generasjonar og stader, eit uttrykk framføringa fekk godt fram.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement