Slik det står i minnet
Ingen andre høyrest ut som The War on Drugs.
Adam Granduciel er ein kompromisslaus perfeksjonist.
«Thinking of a Place», nøkkellåten på den nye plata frå The War on Drugs, er ei oppvisning i kva det går an å få til innanfor rammene av ein enkelt song. Ikkje berre sirklar låtskrivar og komponist Adam Granduciel inn minnet om ein kveld han ikkje kjem til å gløyme – i ord og tone maktar han også å dele korleis dette minnet lever i han.
«Hald meg i handa», heiter det mot slutten av «Thinking of a Place». Invitasjonen har aldri vore ytra finare i ein låt. Over elleve minutt tek det å komme dit, men på A Deeper Understanding finst det ikkje hastverk, der får alt vare den tida det treng. Sju av dei ti songane varer i over seks minutt, og det er kanskje lenger i dag enn nokon gong før.
Perfeksjonist
Granduciel er ein kompromisslaus perfeksjonist, og han brukar ofte lang tid på å finne ut om ein komposisjon har funne den endelege destinasjonen. Låtane er små laboratorium der ytterkanten og periferien vert ein rik boltreplass. Detaljane i produksjonen er aldri tilfeldige, men tufta på medvitne, gjennomtenkte estetiske val.
På Lost in the Dream (2014) var inspirasjonskjeldene tydelege og oppe i dagen, og det same er tilfellet for A Deeper Understanding. Særleg går tankane atter til Dylan og Springsteen, og då særleg 1980-talsestetikken til sistnemnde. Det er fleire enn meg som vil dra på smilebandet over klokkespelet på «Holding On» – det høyrest ut som om E Street-pianist Roy Bittan har vandra rett inn i studio. A Deeper Understanding er full av slike augneblunkar, ikkje minst i synthbruken.
Granduciel er skamlaus dylansk i fraseringa. Eg er ikkje sikker på kvifor, men eg synest det balanserer. For somme vil det vel verte i overkant, ikkje minst når det eteriske munnspelet til alt overmål dukkar opp. I utstrekking og innramming minner også «Thinking of a Place» om ein Dylan-komposisjon, og er heilt på høgd med det Nobel-vinnaren får til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.