Musikk
Slåttespel frå kjøkenet
Mange sentrale slåttespelarar har budd i dei største byane.
Det er vanleg å tenkja seg at slåttespel på hardingfele har desse sosiale funksjonane: dansespel, konsertspel eller kappleiksspel. Og i vår tid har me dessutan desse som nyttar hardingfela som kva slags instrument som helst og lagar sin eigen musikk utan å tenka på sjanger eller sosial kontekst.
Andre bruksmåtar
Sett i eit slikt perspektiv er denne plata ei viktig påminning om andre bruksmåtar for slåttemusikken. Midtgaard skriv nemleg i tekstheftet: «Her er det mer ’kjøkkenslåtter’ som jeg liker å kalle dem: korte, formfaste og tradisjonsbundne slåtter – som en kan nynne på mens kaffen koker om morgenen, eller som en kan spille og komponere videre på når en først har fått dem inn i hodet.» Det er nemleg ikkje bere den storslagne og imponerande folkemusikken som har verdi.
Plata minner dessutan om noko anna viktig: Mykje av ideologien i folkemusikken er bygd opp rundt førestillingane om at dette er ein landsens musikkultur som er forvalta i lokalmiljøa, det vil seie på bygdene. Men mange av dei sentrale forvaltarane av slåttespelet det siste hundreåret har budd i dei største byane. I Bergen har me til dømes hatt Arne Bjørndal, Jon Rosenlid, Hallvor Sørsdal og Finn Vabø. I Oslo Eivind Groven og sterke formidlingsmiljø knytte til institusjonar som NRK og Norsk folkemusikksamling.
Introduksjonar
Midtgaard introduserer slåttane med korte, personlege, men saklege kommentarar, og dette kan såleis minna om både eldre radioprogram og opptaka frå folkemusikkarkiva.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.