Slagkraftig, men ikkje sylskarp

Supergruppa Tomahawks første album sidan 2013 er ikkje eit høgdepunkt i diskografien.

Publisert

Ordet tomahawk kjem, til liks med mokasin, frå det Virginia-algonkinske språket, powhatan, morsmålet til Pocahontas. Det er òg namnet til supergruppa Tomahawk, som består av vokalist-keyboardisten Mike Patton (Faith No More, Mr. Bungle, Fantomas, Kaada/Patton), gitarist Duane Denison (The Jesus Lizard), trommis John Stanier (Battles) og bassist Trevor Dunn (Melvins Lite, Mr. Bungle, John Zorn’s Electric Masada).

Tekstane inneheld referansar til covid-19, og titlar som «Doomsday Fatigue» passar 2021 som fot i mokasin. Likevel er det ei merkeleg kjensle av noko tvitydig tidsurett her. Kan hende er det ein konsekvens av at instrumentdelane av Tonic Immobility blei spelte inn for fire år sidan, medan vokalen ikkje blei spelt inn før under pandemien, av di Patton hadde vore oppteken: Mykje har endra seg i kulturen dei siste åra, og det er kanskje gapet i produksjonen som gir musikken eit merkeleg, nærast anakronistisk preg.

Eg kom til å fundere på problemstillinga kulturell tileigning, både med tanke på bandnamnet og plata Anonymous frå 2007, som krinsa rundt folkemusikk lånt frå amerikanske urfolk, men kom fram til at det truleg er greitt, sidan det heile ser ut til å vere utført med respekt for kjeldematerialet, og Mike Patton har urfolksanar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement