Skuleflink folkesong
Songstemma til Kirsti Bakken Kristiansen er det einaste instrumentet på det første soloalbumet hennar.
Kirsti Bakken Kristiansen tek utgangspunkt i folkemusikk frå Gjøvik og Vardal.
Foto: Thor Hauknes / NORCD
FOLKEMUSIKK
Kirsti Bakken Kristiansen:
Linden
NORCD
Når ein høyrer eldre arkivopptak av folkesong, er det ofte noko upolert og spontant over det, anten det dreier seg om barnesong, kulokk, salmar eller viser. Gradvis gjekk folkesongen over frå å vera funksjonell song i kvardag og høgtid til å verta symbol for nasjonalkultur, ein del av kappleikssystemet, og i dag er folkesong, eller kveding, som somme kallar det, ein fullverdig del av det institusjonaliserte musikklivet. Det er ei kunstform på linje med andre, og det finst ei rekke utdanningsinstitusjonar der ein kan studera folkesong.
På si første soloplate demonstrerer Kirsti Bakken Kristiansen tydeleg at ho er ein del av den profesjonaliserte forma for folkesong. Ein høyrer at ho er svært nøye med små detaljar i tekstuttale, som å lata konsonantar klinga og å vera presis i ornamentikken. Men sjølv om dette framstår som kontrollert og disiplinert synging, er det heile tida avspent og dermed tillitvekkande.
Kristiansen kjem frå Gjøvik, og repertoaret er knytt til heimtraktene hennar, sjølv om mange songar òg er kjende andre stader i landet. Her er viser, salmar og bånsullar, og alt dette vert framført i ei felles, roleg grunnstemning, med liten bruk av dynamikk og dramatiske utbrot. Det er ideen om folkesong som gjer dette til eit heile, sjølv om tekstane sprikar i mange retningar, frå det småfrekke og leikne til det fromme og gudfryktige.
Medan mange folkesongarar samarbeider med ulike slags instrumentalistar – og dermed ofte andre musikkformer– når dei skal laga plater, har Kristiansen hatt mot til å synga heilt solo, og det gjer ho på ein måte som ikkje berre er skuleflink, men som òg kommuniserer musikalsk.
SIGBJØRN APELAND
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
Trondheimstrioen har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.