Skruppellaus skjørtejeger
Kva kan me forventa oss når Metropolitan-operaen i New York set opp verket som mange, inkludert meg, ser på som verdas beste opera?
Hemntimen: Tenaren Leporello må makteslaus sjå på at herren hans, Don Giovanni, blir slukt av elden frå helvete.
Foto: Marty Sohl / The Met
Opera
Wolfgang Amadeus Mozart:
Don Giovanni
Luca Pisaroni (Don Giovanni); Ildar Abdrazakov (Leporello); m.fl.; Michael Grandage og Louisa Muller, regi; Metropolitan-operaens kor og orkester; dir.: Cornelius Meister. Metropolitan Opera House i New York, onsdag 6. februar.
Om Metropolitan-operaen er verdas beste operahus, kan diskuterast. Men det er i alle høve det med verdas høgaste budsjett. Kunstnarleg gjev dette rom for kvalitetsoppsetjingar dei aller fleste operahus berre kan drøyma om. Med Wolfgang Amadeus Mozarts Don Giovanni på programmet burde difor alt liggja til rette for ei oppleving heilt utanom det vanlege.
Elden frå helvete
Amerikanarane veit å åtvara. «This production uses fire effects», står det på framsida av programheftet. Alle som kjenner denne operaen, kan tenkja seg kvar pyroteknikken kjem: I slutten av andre akt, som er ein av dei sterkaste augneblinkane i operalitteraturen – der den elegante, men skruppellause skjørtejegeren Don Giovanni gryler i desperasjon når bakken opnar seg under han og han blir slukt av elden frå helvete. Hjelpelaus tilskodar er den klossete tenaren hans, Leporello.
Men er pyroteknikken det sceniske høgdepunktet i ein operaproduksjon, lovar det ikkje bra. For når det gjeld sceneutforminga og regien, er nypremieren til Metropolitan-operaens 2011-produksjon av den engelske regissøren Michael Grandage konvensjonell og einsformig. Beint fram blodlause er dei grå scenebileta som skal førestilla ein spansk by på 1700-talet. Når kvelden likevel byd på fine kunstnarlege opplevingar, har det dels med einskildprestasjonar frå songarane og dels med det som vert ytt i orkestergrava, men fyrst og fremst med Mozarts intenst dramatiske og psykologisk innsiktsfulle tonesetjing å gjera.
Dramatisk driv
Kva er det som gjer denne operaen spesiell? Don Giovanni, KV 527, hadde urpremiere i Praha i 1787 og var ein av Mozarts største suksessar. Grunnen til det er ikkje musikken åleine. For samarbeidet med librettisten (tekstforfattaren) Lorenzo da Ponte (1749–1838) høyrer til operahistorias mest fruktbare symbiosar: Ikkje berre er blandinga av det komiske og tragiske fengslande. Verket har òg eit eineståande musikkdramatisk driv, med lange spenningsbogar mot slutten av aktene. Desse blir ikkje, som skikken var, brotne opp av skjematiske vekslingar mellom resitativ (talesong) og ariar frå einskildsongarane, men er forma som musikalske samtalar i ensemblesong.
For operaen som scenefrom er dette eineståande: I eit talt drama ville det bli kaos om alle snakka i munnen på kvarandre. Men i operaen, der kvar songar har sin melodi, kan det bli perfekte harmoniar.
Hemntimen
Lorenzo da Ponte enda faktisk sine dagar i New York, som den fyrste professoren i italiensk språk ved Columbia-universitetet. Utan han hadde me ikkje hatt nokon mozartsk Don Giovanni-opera, for det var han som føreslo tonesetjinga av denne populære legenda.
Ho går føre seg i Sevilla i Sør-Spania, som alt på Mozarts tid framkalla fantasiar om varmblodige unge menn og eksotisk vakre kvinner. Me blir vitne til den siste dagen i livet til den unge adelsmannen Don Giovanni (eller Don Juan, som han heiter i originalen), som i heimlandet åleine har forført 1003 kvinner.
Men denne kvelden kjem kvinnejegeren til kort, både hjå bondejenta Zerlina og adelskvinna Donna Anna. Sistnemnde blir så forferda at ho ropar på far sin, «Il Commendatore», som Don Giovanni drep i ein duell. Og det er denne kommandanten som i slutten av operaen kjem attende frå dødsriket og riv levemannen med seg.
Kvinnekatalog
Det er den venezuelanske bassbarytonen Luca Pisaroni som syng Don Giovanni i New York. I den såkalla «sjampanjearien» («Finch’han dal vino»), som har ein herleg spansk snert, syner karakteren heile den erotiske appetitten og seksuelle energien sin. Snert er det òg over framføringa til Pisaroni, i alle høve teknisk. For når det gjeld uttrykket i tolkinga, kunne blodet både her og elles vore heitare.
Meir overtydande er den mest kjende arien til tenaren hans, Leporello: «Madamina, il catalogo è questo», som blir sungen av den russiske bassen Ildar Abdrazakov. «Katalog-arien» blir han kalla. For ikkje berre listar Leporello her opp kor mange damer meisteren hans har forført i Italia (640), Tyskland (231), Frankrike (100) og Tyrkia (91). Han greier òg ut om kva for yrke og adelstitlar dei har og føremonene med blondiner versus brunetter.
Abdrazakov som Leporello, der han veksla meisterleg mellom det påteke høgtidssame og det ufriviljug latterlege, var den beste rolletolkinga denne kvelden.
Dirigentdebut
Oppsetjinga er den tyske dirigenten Cornelius Meisters debut framføre Metropolitan-operaens orkester. Innkøyringsproblem finst det ikkje spor av – det høyrer ein alt i den blytunge opninga på orkesterouverturen, som lèt dystert som satsen «Dies irae» («Vreidedagen») frå Mozarts Rekviem.
Klanglege nyansar får Meister òg godt fram – i kontrast til svartkvittolkinga til regissøren Michael Grandage. For utgjer Don Giovanni-karakteren eit skrekkbilete eller ei ynsketenking me alle ber på? Eller litt av begge delar? I tråd med opplysingsånda i Mozarts samtid leikar operaen med tidas sosiale konvensjonar og hierarkiske samfunnsbilete. Men personifiserer Don Giovanni forfallet og undergangen – ja, perversjonen – i eit forelda system, eller framveksten til eit nytt og betre samfunn?
Svar på slikt fekk me ikkje i Metropolitan-operaen denne kvelden. I det heile er eg overtydd om at eit mellomstort europeisk operahus ville evna å setja opp ei meir interessant framsyning.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.