Skrifta på ve ggen
Joe Henry lèt seg inspirere av poesien.
Joe Henry har ein eigen musikkfilosofi.
Pressefoto
Rock
Joe Henry:
Thrum
Ear Music /
Playground
Heile den menneskelege eksistensen sirklar rundt vår eiga tidsforståing, og det stort sett utan at vi tenkjer over det. Vi fell inn i rytmen som er livet. Dagane følgjer kvarandre og vert til veker, månader og år, heilt til det er over, eller noko uventa skjer.
Berre tidvis stoppar vi opp og vert fylte av undring og avmakt over det heile. I fleire av songane på det fjortande albumet Thrum inviterer Joe Henry til ein slik tenkjepause.
Det dreier seg om ein artist som er i stand til å lage stemningar og forteljingar som tek vare på det minste sekundet, og samstundes på tiåra som rullar av garde og gjer meir og meir framtid til fortid. Om framtida heiter det, i nøkkelsporet «Blood of the Forgotten Song», at ho er skriven «on the walls of the past in the blood of the forgotten song». Tygg på den.
Poesi
Eksistensiell americana, vil somme Henry-lyttarar nikke, men artisten sjølv har i samband med Thrum sagt at han denne gongen i vel så stor grad orienterer seg mot poesien: Han namngir Rilke, Whitman, Rimbaud og Rumi og dei tidlegaste musikalske impulsane som Bob Dylan, Louis Armstrong, Ray Charles, Duke Ellington, Randy Newman og Johnny Cash.
I diktinga finst ei røyst som kan leve fullt og heilt, vel vitande om at alt har ein ende, seier Henry, som vil verne om det uregjerlege, det ikkje-konforme. Første gongen eg høyrde artisten, var med Scar (2001), der han løfta fram jazzsaksofonisten Ornette Coleman og komikaren Richard Pryor.
sosialt samvit
Det sosiale samvitet står òg sentralt hos denne artisten, som skreiv «Keep Us in Song» i djup fortviling over det amerikanske presidentvalet for eit år sidan, og først etterpå innsåg at komposisjonen hadde vorte full av von.
Denne vona er også ei berande kraft på ei anna av årets plater: Lizz Wrights Grace, meld her i avisa for litt sidan – eit album som også er produsert av Henry, i likskap med etter kvart ganske mange flotte utgivingar frå folk som Elvis Costello og Solomon Burke, og i nyare tid Allen Toussaint og snart Joan Baez.
Henry har sin eigen musikkfilosofi: Også Thrum er spelt inn idet musikken vert framført, av menneske samla i eit rom, og det er Ryan Freeland som har laga opptaket og står for miksen. Songane er alle i midttempo, og ingen av dei har nemneverdig hastverk. Det er ein fryd å høyre korleis musikarane lyttar til det som vert sunge, og tilfører musikken nyansar deretter. Så har dei også spelt med Henry i mange år. Nok ein gong er sonen Levon med på saksofon. Dei andre er Jay Bellerose (trommer), David Piltch (bass) og Patrick Warren (tangentar).
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.