Skrekklydspor til røyndomen
Nyutgjeving frå 1995 passar som lydspor til skrekkfilmen i dagens USA.
Mitt første møte med horrorcore-rap kom via ungdomsbladet Topp i 1995. På deira tilråding gjekk eg til innkjøp av Bone Thugs-N-Harmonys E. 1999 Eternal, ei hiphopplate med unik, harmonisk rap og svært eksplisitt lyrikk om livet som gjengmedlem. Same år gav den undervurderte rapparen Gangsta Pat ut si eiga horrorcoreplate, Deadly Verses, med djevelen som gjesteartist. Plata fekk ikkje merksemda ho fortente den gongen ho var ny, men heldigvis blei ho nyleg gjeven ut på nytt av Sic Records.
Deadly Verses er spekka med fengande og medrivande beats og virtuos rap med tekstar som, medan dei ikkje er eigna for dei lettskremde, er ekstra relevante no, under George Floyd-protestane i Sambandsstatane. Som sjangernamnet hintar om, blir referansar til skrekkfilmar blanda med skildringar av ein kvardag prega av vald og mentale lidingar som det ikkje er vanskeleg å tru at kan oppstå som biverknad av å vekse opp under systematisk, rasistisk undertrykking.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.