Skrekklydspor til røyndomen
Nyutgjeving frå 1995 passar som lydspor til skrekkfilmen i dagens USA.
Hiphop
Gangsta Pat:
Deadly Verses
Sic Records
Mitt første møte med horrorcore-rap kom via ungdomsbladet Topp i 1995. På deira tilråding gjekk eg til innkjøp av Bone Thugs-N-Harmonys E. 1999 Eternal, ei hiphopplate med unik, harmonisk rap og svært eksplisitt lyrikk om livet som gjengmedlem. Same år gav den undervurderte rapparen Gangsta Pat ut si eiga horrorcoreplate, Deadly Verses, med djevelen som gjesteartist. Plata fekk ikkje merksemda ho fortente den gongen ho var ny, men heldigvis blei ho nyleg gjeven ut på nytt av Sic Records.
Deadly Verses er spekka med fengande og medrivande beats og virtuos rap med tekstar som, medan dei ikkje er eigna for dei lettskremde, er ekstra relevante no, under George Floyd-protestane i Sambandsstatane. Som sjangernamnet hintar om, blir referansar til skrekkfilmar blanda med skildringar av ein kvardag prega av vald og mentale lidingar som det ikkje er vanskeleg å tru at kan oppstå som biverknad av å vekse opp under systematisk, rasistisk undertrykking.
Førre veke reagerte presidenten i USA hardt mot at Twitter merkte dei manipulerande, løgnaktige ytringane hans som potensielt villeiande, og medan kvite fascistar frå alt-right-rørsla jobbar hardt med å sverte George Floyd-demonstrasjonane som vald og herverk, og nynazistar nyttar høvet til å utøve rasistisk blind vald, blir det tydelegare for kvar dag som går, at det er kapitalismens kvite makt som står på toppen av agendaen i Det kvite huset. Røynda har blitt som ein skrekkfilm, og Gangsta Pats horrorcore-rap utgjer eit framifrå lydspor.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er biletkunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Hiphop
Gangsta Pat:
Deadly Verses
Sic Records
Mitt første møte med horrorcore-rap kom via ungdomsbladet Topp i 1995. På deira tilråding gjekk eg til innkjøp av Bone Thugs-N-Harmonys E. 1999 Eternal, ei hiphopplate med unik, harmonisk rap og svært eksplisitt lyrikk om livet som gjengmedlem. Same år gav den undervurderte rapparen Gangsta Pat ut si eiga horrorcoreplate, Deadly Verses, med djevelen som gjesteartist. Plata fekk ikkje merksemda ho fortente den gongen ho var ny, men heldigvis blei ho nyleg gjeven ut på nytt av Sic Records.
Deadly Verses er spekka med fengande og medrivande beats og virtuos rap med tekstar som, medan dei ikkje er eigna for dei lettskremde, er ekstra relevante no, under George Floyd-protestane i Sambandsstatane. Som sjangernamnet hintar om, blir referansar til skrekkfilmar blanda med skildringar av ein kvardag prega av vald og mentale lidingar som det ikkje er vanskeleg å tru at kan oppstå som biverknad av å vekse opp under systematisk, rasistisk undertrykking.
Førre veke reagerte presidenten i USA hardt mot at Twitter merkte dei manipulerande, løgnaktige ytringane hans som potensielt villeiande, og medan kvite fascistar frå alt-right-rørsla jobbar hardt med å sverte George Floyd-demonstrasjonane som vald og herverk, og nynazistar nyttar høvet til å utøve rasistisk blind vald, blir det tydelegare for kvar dag som går, at det er kapitalismens kvite makt som står på toppen av agendaen i Det kvite huset. Røynda har blitt som ein skrekkfilm, og Gangsta Pats horrorcore-rap utgjer eit framifrå lydspor.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er biletkunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.