Musikk

Skrekkeleg bra musikk

Suspiria byr på skrekkfilmmusikk i fleng frå Radiohead-frontfigur, B-filmkonge og Deerhoof.

Publisert

Nyinnspelinga av skrekkfilmklassikaren Suspiria frå 1977 kom på norske kinoar førre helg, tre dryge veker for seint for halloween, med musikk signert Radioheads frontfigur Thom Yorke.

Saumlaust

Plata varar i 80 minutt og flyt saumlaust mellom eit vell av stilar og stemningar: I den eine augneblunken høyrest eksperimentelle, filmatiske og samtidsmusikkliknande atonalitetar, plutseleg er vi midt i Radiohead-liknande låtar framførte med Yorkes velkjende melankolske falsett, og vips, så er vi bada i lyden av sitar og halvoppklippa, triphopliknande halvshufflerytmar eller americanainspirert steelgitartwang.

Tritonusklimpring på piano går att som eit gjenferd plata gjennom, og det er her, og i låtane «Suspirium» og «Open Again» si piano- og gitarvamping, at vage ekko av Goblins originale filmmusikk kling att. Plata veks ved gjentakande gjennomlyttingar, og musikken står solid på eigne bein – sjølv for øyra til ein som ikkje enno har fått sett filmen.

To andre

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement