Skrekkblanda fryd
Dystre framtidsutsikter vert mana fram gjennom Chris Kordas maskinpoesi.
Chris Koda blandar humor og alvor.
Pressefoto
Halloween er her, men røynda er skumlare enn fiksjonen. Pandemi, fascisme, økonomisk kollaps, auka internasjonal spenning og, på botnen av det heile, det skrekkelegaste: Jorda er på veg til å bli ubueleg. Dette er temaet på den amerikanske, Berlin-baserte technoveteranen Chris Kordas nye album.
Skrekkblanda fryd
Over rytmisk komplekse komposisjonar som på same tid lyder varme og velkjende og urovekkjande og framande, framfører ei maskinaktig stemme ein serie dunkle dikt som tar for seg klimaendringar, økonomisk ulikskap og menneskeleg utrydding.
Humor og alvor er blanda saman på molekylærnivå, og resultatet er ei tjukk og bekmørk gugge som klistrar seg til øyro. Musikken på Apologize to the Future er ein skrekkblanda fryd.
«Unnskyld for det generasjonen min gjorde mot planeten», stod det på skiltet til ein 77 år ung demonstrant ved Extinction Rebellion-aksjonen i Oslo i september. Korda blei sjølv fødd i 1962. Det er sant at siste halvdel av 1900-talet tok opp eit ressursmessig lån som yngre generasjonar må betale dyrt for, og det er noko sporty over denne generasjonsmessige sjølvpiskinga.
Ber dei orsake
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.