JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Skillingsviser og stiklingar

Karoline Wallace er ein original komponist.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1886
20210115
1886
20210115

Jazz / samtids­musikk

Karoline Wallace:

Stiklinger

Karoline Wallace, vokal; Jonas Engel, altsaks og klarinett; Ida Nørby, cello; Erik Kimestad, trompet; Thibault Gomez, modifisert piano; Petter Asbjørnsen, kontrabass; Szymon Pimpon, trommer; Kristian Tangvik, kassettar.
Øra fonogram OF169

Karoline Wallace følgjer opp den fascinerande plata Lang vinter frå 2019 med musikk som tydeleg ber signaturen hennar, men med Stiklinger tek ho nye steg. Musikken er inspirert av hagen til mormora, eller korleis hagen er blitt til, gjennom livslang planting av stiklingar. Opningslåten «Rosehus» og avslutninga «Nei, Karoline, nå kommer sola» viser denne inspirasjonen på konkret vis. Førstnemnde med ein strupesongteknikk. Sistnemnde er eit gamalt opptak med mormora og Karoline med Gomez på modifisert piano i ein fjern bakgrunn.

Tilslørt støy

Wallace brukar gamle kassettopptak av familien – mor, far og morfar, men det som blir sagt, er tilslørt av støy og ein høyrer berre brotstykke. Det blir aldri pinleg privat. Med musikken inviterer Wallace lyttaren til å sjå attende, bla i gamle fotoalbum – ikkje hennar, men dine eigne. Musikken er ikkje først og fremst nostalgisk, sjølv om han har lengtande drag, sterkast i «Tri loopår». Det dominerande draget er den naivistiske undringa som pregar både det vokale og det kompositoriske uttrykket hennar.

Sterk bodskap

Karoline Wallace talar med innestemme. Bodskapen er likevel sterk. Spesielt i den moderne skillingsvisa «Plis Rosalin», om kua som måtte slaktast fordi avlingane svikta sommaren 2019, brukar ho dynamikken for alt han er verd. Denne låten er også eit strålande døme på korleis ein kan sameina improvisasjon og komposisjon – tvillaust høgdepunktet på ei spanande plate.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis