Sjeldsynt

Giuseppe Verdis vakre strykekvartett var ei plante i feil klima.

Den italienske komponisten Giuseppe Verdi (1813–1901) fotografert i 1893.
Den italienske komponisten Giuseppe Verdi (1813–1901) fotografert i 1893.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Verdi er ein mann me vanlegvis assosierer med storfelt opera og samlinga av Italia, ikkje med kammermusikk. Hans einaste strykekvartett blei då òg ferdigstilt – «for moro skuld», som han sjølv sa – då det uventa oppstod eit lite pusterom mellom dei store gjeremåla hans, nærare bestemt då operaen Aida skulle framførast for fyrste gong i Napoli, men måtte utsetjast av di Aida (sopranen Teresa Stolz) blei sjuk.

Verdis verk er det fyrste på Vertavokvartettens album. Det andre verket er finske Jean Sibelius’ (1865–1957) Strykekvartett «voces intimae», op. 56 (1909), som var hans viktigaste bidrag til kvartettlitteraturen. Den kjenslefylte grunnstemninga i stykket får utøvarane fint fram, med den intense kjernesatsen «Adagio di molto» som eit høgdepunkt.

Framfus cello

Lat oss gå attende til Verdis stykke, som er det mest kuriøse på plata. Om Strykekvartett i e-moll sa han, kan henda for å koma kritikarane i forkjøpet: «Eg veit ikkje om det er godt eller dårleg, eg veit berre at det er ein kvartett.» Og det er det jo vanskeleg å ikkje vera samd i. Verket står trygt i den wienerklassiske tradisjonen til J. Haydn og W.A. Mozart, med klåre former og melodiske tema det er lett å lika.

Vertavokvartetten spelar hovudtemaet til opningssatsen «Allegro», som blir presentert i andrefiolinen, med elegant melankoli. Når fyrstefiolinen overtek temaet, er det som om celloen ikkje kan dy seg for endeleg å koma vidare. Snart bryt han nemleg inn med framfuse innspel i stakkato, med eit motiv som etter kvart fer som ein rikosjett mellom stemmene. Før det milde, songlege sidetemaet er det som om heile kvartetten held pusten – ein «generalpause» blir det kalla på fagspråket.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement