¿ Sjeldan blome
Oslo-Filharmoniens kammergruppe har sofistikert ensembleklang.
Litografi av den tyske komponisten Robert Schumann (1810–1856), 29 år gamal.
Lytt til artikkelen:
Kombinasjonen av klarinett, bratsj og klaver høyrer avgjort ikkje til den vanlegaste trioforma. Slik sett er albumet Clarinet Trios til Oslo-Filharmoniens kammergruppe eit kjærkome bidrag til platefloraen. Her tolkar klarinettisten Leif Arne Pedersen, bratsjisten Henninge Landaas og pianisten Gonzalo Moreno tre representative verk av tre kjende komponistar. Og sjølv om stykka ikkje nett er ukjende, høyrer dei ikkje til dei oftast spelte (eller innspelte) verka til komponistane.
Enkel eleganse
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) var ein uttalt ven av klarinetten, som på hans tid var ein ny blome i kunstmusikken. Det er vel difor hans Trio i Ess-dur, KV 498 (1786), blei publisert med påskrift om at klarinettstemma òg kan spelast på fiolin – det fanst nemleg framleis ikkje nokon økonomisk vekstgrunn for klarinettmusikk.
Trioen opnar med den enkle elegansen som kjenneteiknar Mozarts mogne verk: ein ornamentert treklang som i skiftande former gjennomsyrer heile det tematiske materialet i fyrstesatsen «Andante». Klarinettisten Pedersen spelar stemma si med mjuk artikulasjon, fin frasering og dei vakre dynamiske nyansane klarinetten legg så godt til rette for.
På tre dagar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.