Musikk
Sjarmerande i vanskeleg format
To musikarar som kjenner kvarandre og veit å passa måten.
Det er gått om lag tre år sidan duoen gav ut si første duoplate Chamber på same platemerke og same innspelingsstad, Artesuono i Udine. Det siste kan ein ha stor forståing for. Innspelinga formidlar ein rik klang til alle tre instrumenta som er involverte.
Tittelen på denne meldinga gjer meir enn å ymta om at duoformatet er krevjande, og utfordringa ligg gjerne i det å kunna avgrensa seg, gjera slik tittelkuttet ber bod om – «Space in Between». På det punktet leverer duoen. Det er aldri tale om overleste arrangement eller at dei går i vegen for kvarandre.
Harmonisk raffinert
Også i høve til andre parameter innfrir duoen. Me veit frå tidlegare utgjevingar at båe har draget på komponeringa, og med desse ni låtane svekker dei ikkje dette inntrykket. Tittelkuttet, signert Yttredal, er ein inderleg mollstemd ballade som gjennom pausar og harmonisk raffinement blir eit bilete på kva det handlar om når desse to kjem saman for å musisera.
Shorter-inspirert
Dette kan ein kanskje seia om Storaas’ Wayne Shorter-inspirerte «Simple Loop» også. Dei greier å laga ei fantastisk forteljing over eit abrupt pianoakkompagnement der Yttredal har lagt på ei tenorstemme i tillegg til improvisasjonane på sopransaksen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.