Seymours vinternatt
Brad Mehldau laga musikk av ein draum.
Brad Mehldau drøymde ein melodi til draumen om Philip Seymour Hoffman.
Foto: bradmehldau.com
Så står han der, Philip Seymour Hoffman (1967–2014), mellom skinnstolane og eikehyllene, i det som må vere eit slags bibliotek i ein villa, og resiterer eit eller anna, men kva? Den amerikanske grunnlovsteksten, viser det seg.
For slik var draumen jazzpianisten Brad Mehldau vakna frå, ei vinternatt i 2014. Omgitt av mahognimøblar stod den amerikanske skodespelaren der, og med ei avmålt, lett melankolsk røyst las han frå lovteksten som vart vedteken i Philadelphia i 1787.
Eigen melodi
Det heile hadde sin eigen melodi, og Mehldau hadde knapt gnidd seg i auga før han sette seg ned og prøvde å få melodien ned på papiret. To veker seinare tok verda imot den tragiske meldinga om at Hoffman hadde gått bort, 46 år gammal, etter å ha teke ein overdose. Komposisjonen fekk eit lag av nye tydingar, skriv Mehldau i ein fin tekst på si eiga heimeside. Ein kan ikkje på empirisk grunnlag seie at draumen var profetisk, reflekterer Mehldau – «yet it feels like that now». Integriteten og visjonen i grunnlovsdokumentet står i skarp kontrast til det tankelause vrøvlet i president Trumps twittermeldingar, held jazzpianisten fram. Kanskje Hoffman ønskte å komme med ei lita åtvaring før han tok endeleg farvel.
«Seymour Reads the Constitution» har vorte tittelsporet på ei ny, fin plate frå Brad Mehldau trio – ei på mange måtar typisk utgiving frå den kanten. Dei fleste av dei åtte spora klokkar inn på åtte–ti minutt, og Seymour Reads the Constitution! kombinerer nye komposisjonar med materiale frå standardrepertoaret, med eit par velvalde popklassikarar i tillegg.
Klassikarar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.