Screamo på navajo

Forblåst urfolkmetal kan utvide horisonten.

Publisert

Metal

Rez metal – kort for reservation metal – er namnet på ei scene i og kring Navajo Nation i Arizona og New Mexico. Ein av artistane i dette miljøet er Flagstaff-baserte Parabola.

På albumet Nílch’itsoh, som tyder «lufta/vinden som er stor», er musikken rå, men òg melodisk og djup. Lydbiletet er forblåst og bert, noko som passar fint no når dei kalde årstidene er i anmarsj. Låttitlane er navajoord for dyr: «Tl’ízí» handlar til dømes om geiter, som i følgje Parabolas notat er «meir nyfikne og dristige enn sauer», og her er LarDel Tsosie frå bandet Mutilated Tyrant gjestevokalist.

I «Stammelandet», episode 3 i NRK-serien UXA – Thomas Seltzers Amerika, får vi sjå medlemmene i Mutilated Tyrant legge liksminke lik norske metallgrupper. «Kulturell appropriasjon», seier programleiaren, og dei audmjuke navajomusikarane ler høfleg, før dei fortel at ja, dei er inspirert av mange norske band, og liksminka resonnerer med navajokulturens forhold til åndeverda.

Men den absurde sidestillinga av oljerike nordpersonar og det tøffe livet til det systematisk undertrykte urfolket i Amerika er ikkje vittig, og spøken blir ikkje betre i kontekst av alle dei reaksjonære stemmene som får ytre seg elles i programmet, som ser ut til å vere tufta på ein usikker idé om at «begge sider» (fascistar og dei som kjempar for like rettar for alle) vil det same og sit på ein bit av sanninga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement