Scenerommet i stova
Spike Lee har laga konsertfilm av David Byrnes Broadway-show.
David Byrne i Broadway-showet frå 2019.
Foto: View Production
Då David Byrne laga Broadway-show hausten 2019, i kjølvatnet av albumet American Utopia (2018) og turneen som følgde, var vi mange som brann etter ein kveld i Hudson-teateret i New York, men det er jo ikkje så lett å få til. Gledeleg var det, difor, at artisten fekk med seg regissør Spike Lee, og at dei laga film av det heile. No er resultatet breitt tilgjengeleg, og det på eit tidspunkt som vel ikkje kunne ha passa betre.
Lee har auge for essensen i sceneuttrykket og flyttar kamerablikket på ein måte som lèt oss sjå spel i fargar, skugge og lys og kompleksiteten i den dynamiske koreografien. Slik ser vi både detaljar og store bilete der det er naudsynt. Vi er tett på når det trengst, og får fugleperspektiv når det gjer seg, for når det vert filma ovanfrå, avdekkjer det seg halsbrekkande symmetriar og kontrastar. Presisjonen er uverkeleg god, rett og slett, både når det kjem til det som utfaldar seg på scenen, og måten det vert festa til film på.
Forløparen
American Utopia har ein forløpar, nemleg den banebrytande konsertfilmen Stop Making Sense (1984), regissert av Jonathan Demme og spelt inn over fire kveldar i Hollywood seint på hausten i 1983, då Talking Heads (som Byrne fronta) turnerte i etterkant av det femte studioalbumet deira, Speaking in Tongues.
Eg såg filmen på Cinemateket i Bergen ein eller annan gong på midten av 1990-talet, og det var ei openberring. I all hovudsak var eg vand med konsertopptak på fjernsyn, der ein prøver å få til ein best mogleg audiovisuell dokumentasjon, snarare enn ei særeiga estetisk oppleving innretta mot filmmediet sitt potensial for framstilling og levandegjering.
Frå start til slutt optimaliserte Demme dette potensialet, i samarbeid med Byrne, og viste at scenerommet kunne finne vegen inn i kinosalen på nye måtar. Stop Making Sense framstod ikkje som ei erstatning for å vere på konsert, men snarare som noko eige, eit alternativ som fungerer på eigne premissar. Dramaturgi, koreografi, fotografi og ulike teatralske og musikalske element gjorde opplevinga unik og ugløymeleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.