Sært, røft og lyrisk
Berne skapar ei spenning mellom rigid og laust og ledig.
Tim Berne har komponert alt unntatt éin låt på det nye albumet.
Foto: Caterina di Petti
Jazz
Tim
Berne’s Snakeoil
The Fantastic Mrs. 10
Tim Berne, altsaks; Marc Ducret, gitarar; Matt Mitchell, tangentinstrument; Oscar Noriega, bassklarinett og Bb-klarinett; Ches Smith, trommer, vibrafon, klokkespel, gongar og tahitisk tanbou. INTAKT CD 340
Etter fire plater på ECM, der dei to første var kvartett- og dei to siste kvintettinnspelingar, har Berne skifta selskap og gitarist. Samarbeidet mellom Berne og den franske gitaristen Marc Ducret har vart i mest ein mannsalder. Ducret er musikar som set tydelege preg på band han er ein del av.
Lyrisk metodikk
Som vanleg er med Snakeoil-innspelingar, har Berne komponert all musikken, men han har også funne plass til «Dear Friend» av Julius Hemphill – ein musikar han profilerer langt sterkare i bandet Broken Shadows. Musikken er som forventa ein miks av den sære lyriske melodikken Berne har gjort til eit varemerke, og strekk der den fragmenterte musikalske samtalen har eit heller mørkt og dramatisk klangleg bakteppe. Med si heilt spesielle form for kollektiv improvisasjon skapar dei eit flettverk av melodilinjer som mest av alt kan minna om ei musikalsk fillerye, noko «The Amazing Mr. 7» er eit strålande døme på.
Mildt påståeleg
Sounden til Snakeoil er prega av at pianisten Matt Mitchell no og då spelar den modifiserte pianovarianten som på engelsk vert kalla tack piano, og alle doblingane Ches Smith vartar opp med. Sjølv om Mitchell også spelar synth og Ducret brukar sitt vanlege klangarsenal på gitaren, er lydbiletet i hovudsak akustisk. Det er noko mildt påståeleg i musikken til Berne som alltid fascinerer.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.