Samtidssongar

Hege Høisæter syng ny norsk musikk med poesi frå Hölderlin til Fosse.

Mezzosopranen Hege Høisæter syng norske samtidssongar.
Mezzosopranen Hege Høisæter syng norske samtidssongar.

CD

Kverndokk, Mørk Karlsen, Skoun, Sleeper, Sparre Olsen, Wallin:

Jordlys

Hege Høisæter, mezzo-
sopran; m.fl. Lawo 2019.

Den bergenske songaren Hege Høisæter gjev seg ikkje så lett. Etter at ho pensjonerte seg som solist ved Den Norske Opera og Ballett, er ho i gang med nye opera- og kammermusikkprosjekt. Denne spanande CD-en med samtidsmusikk for mezzosopran og ymse instrument er delvis komponert med røysta hennar i tankane. Alle komponistane er nolevande nordmenn, med to unntak: Éin er avliden, Sparre Olsen frå Stavanger, og éin er utlending, Thomas Sleeper (fødd 1956) frå USA. Lat oss byrja med desse.

Melodiske hikst

Sparre Olsen fylgde i studietida i Berlin undervisinga til stordomar som Arnold Schönberg og Paul Hindemith. Hans Trøytt hjarte, der han toneset tre Jan-Magnus Bruheim-dikt for song og klarinett, er eterisk intime. Dette er ekte duoar mellom instrument og røyst, både når det gjeld strukturen i satsen (to likeverdige melodiar) og den klanglege jamstillinga (stemmene opererer i same register). Høisæter syner god teknisk evne til å tilpassa seg klarinetten, som blir mjukt spelt av oslooperaens soloklarinettist Andjei Maevski.

Thomas Sleepers Triptych for song og cello har verkeleg form av eit triptykon, ei tredelt altartavle med midtparti og to sidefløyer som kan lukkast som eit skap. Spesielt for tonesetjinga av Rainer Maria Rilke-dikta frå Das Marienleben (1913) er at midtpartiet, som komponisten kallar «Crucifixus», er for cello åleine. Fin er tolkinga av det andre Rilke-diktet «Pietà», som svarar til triptykonets høgre sidefløy. Høisæter og cellisten Frida Frederikke Waaler Wærvågen framfører dette med fri frasering som gjev rom for såre melodiske hikst.

Opp or djupna

Fleire songar er altså skrivne spesielt til Høisæter, og me kan difor gå ut frå at dei er tilpassa den mogne, vektige røysta hennar. Mellom dei er Kjell Mørk Karlsens (fødd 1947) Engel og stjerne, òg for song og cello. Desse tonesetjingane av fem dikt frå Jon Fosses samling Stein til stein (2013) har spesielt varierte celloparti som fungerer som kontrapunkt til den jamne songen: Fyrste satsen «Dette eine» er minimalistisk, med ein cello som ligg roleg under røysta med éin lang akkord, før han bryt opp or djupna med ein stigande melodi som går direkte over i neste song, «Kvarandre». Også denne går direkte vidare, til «Jamne bølgjer», der det jamne er framstilt med regelfaste tonerekkjer i celloen. Vakrast både poetisk og musikalsk tykkjer eg det fjerde diktet «Engel og stjerne» er – her brusar celloen med brotne akkordfigurar, livfulle som preludia til J.S. Bachs cellosuitar.