Sams horisont

Domkantoren i Trondheim gjev Bachs orgelmusikk norske atterklangar.

Den norske organisten Magne H. Draagen (fødd 1974).
Den norske organisten Magne H. Draagen (fødd 1974).
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Det var ei tid då det norske kulturlivet ikkje vende seg vestover, mot det angloamerikanske, men sørover, mot det tyske. Nasjonalsosialismen gjorde slutt på ein nærare tre hundre år gamal musikalsk tradisjon av kulturell horisontsamansmelting mellom dei to nasjonane: fram til midten av 1800-talet gjennom innvandra musikarar frå Tyskland, og etterpå gjennom norske musikarar og komponistar som drog sørover for å studera, der dei tok med seg både tidsånd og teknikkar heim.

Når ein i musikalsk samanheng tala om Tyskland i Noreg, var det mest synonymt med Leipzig. Denne saksiske metropolen, der Felix Mendelssohn i 1843 grunnla det fyrste tyske musikkonservatoriet, var sentrum for Bach-dyrkinga: Ved konservatoriet utgjorde kontrapunktstudium i Bach-stil basis i teoripensumet, og i dei store kyrkjene – framfor alt i Bachs «eiga» kyrkje, Thomaskyrkja, underviste thomaskantorane i orgelspel. Slik sett blei dei unge nordmennene eksponerte både for Bachs handverk og Bachs ånd. Karakteristisk er utsegna til organisten Sigurd Islandsmoen (1881–1964) frå Sør-Aurdal. Han omtala Leipzig-opphaldet sitt som «en åndelig dåp».

Norsk tone

Islandsmoen er éin av dei sju norske orgelkomponistane på det interessante albumet Echoes of Leipzig in Nidaros Cathedral, der domkantor Magne H. Draagen handsamar det 127 stemmer sterke Steinmeyer-orgelet i Nidarosdomen. Innspelinga gjev oss norsk orgelmusikk inspirert av den tyske orgeltradisjonen slik han blei kultivert av to professorar i Leipzig: komponisten Max Reger (1873–1916), som fylte barokke former med dristige, seinromantiske harmoniar, og organisten Karl Straube (1873–1950), den ellevte thomaskantoren i «arvefylja» etter Bach.

Som Draagen påpeikar, finn me framveksten av ein «norsk» tone i det innspelte repertoaret. Fleire av orgelkomponistane kombinerte nemleg norske folketonar med kjende former frå tysk orgelmusikk, som toccata, preludium, passacaglia og fuge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement