JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Samisk pop frå Oslo

Kajsa Balto plasserer seg i eit samisk verdsbilete, men er tydeleg påverka av pop.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kajsa Balto står i spissen for eit kollektivt musikkprosjekt.

Pressefoto

1768
20200529
1768
20200529

Folkemusikk

Kajsa Balto:

Buot eallá

Kajsa Balto, vokal; Ragnhild Tronsmo Haugland, cello; David Aleksander Sjølie, gitar; Karoline Bjørhei, perkusjon; Jakop Janssønn, produsent
DAT

Dette er den andre plata til den Oslo-baserte samiske vokalisten Kajsa Balto. I tillegg til det faste bandet medverkar ei rekke arrangørar, komponistar og tekstforfattarar, noko som gjer at dette er som eit kollektivt prosjekt, sjølv om det heile er bygd opp rundt stemma til Balto.

Personjoikar frå Baltos eigen familie er det melodiske og tekstlege utgangspunktet, og ho plasserer seg ytterlegare innafor eit samisk verdsbilete ved å velja ein platetittel som tyder «alt lever». Men medan prosjektet knyter seg til samisk tradisjon og kultur på eit tekstleg og ideologisk plan, er både stemmebruk og frasering tydeleg påverka av pop. Det same gjeld instrumenteringa, men akustiske instrument som cello og perkusjon er heile tida tydeleg til stades i lydbiletet og gjer at musikken høyrer meir heime i den alternative popen enn i den kommersielle popen. Gitarspelet til David A. Sjølie er òg nyansert, anten han spelar akustisk eller elektrisk. I det heile er arrangementa og produksjonen luftig, og dei ulike elementa går ikkje i vegen for kvarandre.

Balto, som er fødd i 1988, har motteke Sametingets stipend for nyetablerte kunstnarar, og ho fekk nyleg æra av å ha den første konserten på Riksscenen (hovudarena for folkemusikk og folkedans i Oslo) etter den lange stengingsperioden. Balto og bandet hennar har demonstrert tydeleg at dei er musikarar ein kan venta seg mykje av framover.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis