Sameinar tekst og tonar

Den tyske sopranen Dorothee Mields.
Den tyske sopranen Dorothee Mields.

Sjeldan i musikksoga var komponistane meir opptekne av å sameina tekst og tonar enn i andre helvta av 1600-talet. Eit godt døme på dette er Johann Theile (1646–1724), som barokkensemblet Hamburger Ratsmusik på albumet Seelen-Music («Sjelemusikk») spelar kantatar av.

For Theile, som var kapellmeister ved ei rekkje små hoff i Nord- og Midt-Tyskland, er det ordet som står i sentrum – for få fram den retoriske og semantiske styrken ved teksten, nyttar han alle verktøy frå den velassorterte kompositoriske verktøykassa si.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement