¿ Salongfähig
Kringkastingsorkesteret spelar Otto Winter-Hjelms to symfoniar med driv.
Den norske komponisten Otto Winter-Hjelm (1837–1931).
Foto frå CD-omslaget
Lytt til artikkelen:
Få norske musikarar var like uthaldande som Otto Winter-Hjelm. Han byrja med å gje klavertimar i 1850-åra og gav seg ikkje før i 1921, då han som organist gjekk av med pensjon, 84 år gamal. Musikkhistorisk er han viktig av di han var den fyrste norskfødde komponisten som gav seg i kast med symfonien, den største og edlaste forma for instrumentalmusikk. På denne fine plata gjev Kringkastingsorkesteret under leiing av sjefdirigenten Miguel Harth-Bedoya oss dei to symfoniane hans, som begge blei til i 1860-åra.
Engasjerte gestar
Winter-Hjelm var eit privilegert barn av embetsmannsstaten, fødd i Oslo som son av ein høgsterettsdommar og professor. Den fyrste musikkundervisinga skulle vel eigentleg berre gjera han salongfähig i hovudstadssosieteten. Men interessa tok overhand, og i 1857 gav han opp teologistudia og drog til konservatoria i Leipzig og Berlin.
I 1862 dirigerte hans sin Symfoni nr. 1 i B-dur i Logens store sal i Oslo. Denne fyrste «norskfødde» symfonien er eit typisk klassisk-romantisk verk som utstrålar ungdommeleg energi og verdsvand eleganse. Opninga av fyrstesatsen «Allegro non troppo» har patos av typen ein gestikulerande talar syner frå talarstolen. Etter den litt preglaust elegante tredjesatsen får finalesatsen oss til å retta ryggen igjen: Innleiinga med djupe strykarar og dissonerande treblåsarar er ei effektfull førebuing til jubelen som snart bryt laus, spelt med muntert overskot av Kringkastingsorkesteret.
Heilstøypt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.