Sært, røft og lyrisk

Berne skapar ei spenning mellom rigid og laust og ledig.

Tim Berne har komponert alt unntatt éin låt på det nye albumet.
Tim Berne har komponert alt unntatt éin låt på det nye albumet.
Publisert

Etter fire plater på ECM, der dei to første var kvartett- og dei to siste kvintettinnspelingar, har Berne skifta selskap og gitarist. Samarbeidet mellom Berne og den franske gitaristen Marc Ducret har vart i mest ein mannsalder. Ducret er musikar som set tydelege preg på band han er ein del av.

Lyrisk metodikk

Som vanleg er med Snakeoil-innspelingar, har Berne komponert all musikken, men han har også funne plass til «Dear Friend» av Julius Hemphill – ein musikar han profilerer langt sterkare i bandet Broken Shadows. Musikken er som forventa ein miks av den sære lyriske melodikken Berne har gjort til eit varemerke, og strekk der den fragmenterte musikalske samtalen har eit heller mørkt og dramatisk klangleg bakteppe. Med si heilt spesielle form for kollektiv improvisasjon skapar dei eit flettverk av melodilinjer som mest av alt kan minna om ei musikalsk fillerye, noko «The Amazing Mr. 7» er eit strålande døme på.

Mildt påståeleg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement