Musikk
Sært og vakkert frå Skadedyr
Merk dykk komponisten Hans Hulbækmo.
Skadedyr er ein sjeldan skapning i den norske jazzfaunaen. Bak det smått ironiske namnet løyner det seg tolv musikarar i alderen pluss–minus 30 – alle med eigne, framgangsrike karrierar. At dette er ein gjeng som har noko på hjartet, viste dei både med debuten Kongekrabbe og oppfølgjaren Culturen. At dei framleis synest det er både gjevande og moro å melda, understrekar Musikk! til fulle.
Inspirasjon
Skadedyr hentar framleis inspirasjon frå mange hald både frå den europeiske og amerikanske avantgardescenen. Humoren er spesielt sterkt til stade på konsertane, men også her er det mangt ein dreg på smilebandet av.
Den feite bonusen denne gongen er at Hans Hulbækmo står fram som ein særs spanande komponist. Han har signert fire av seks låtar, alle med særpreg, men det suiteliknande tittelkuttet «Musikk!» er vel sveineprøven? Eg må tilstå at eg er svak for den svingande hummar og kanari-låten «Festen», men komponisten framkallar det heilt store vemodet med låten «Hage om kvelden». Det er lov å venta seg meir av Hulbækmo.
Ensemblet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.