Så lenge skuta kan gå
Det amerikanske presidentvalet fekk Natalie Prass til å endre på planane.
Natalie Press ynskjer å synge ut.
Å seie det høgt, det som må verte sagt, er ikkje også det ei av oppgåvene til musikken som røskar tak i oss frå tå til topp?
«I want to say it loud», syng Natalie Prass i allsongvennlege «Sisters», eit nøkkelspor på det nye albumet The Future and thePast: «For all the ones held down/ we gotta change the plan.»
Reaksjon
Etter kvart har det vorte nokre plater som kjem til og vert utforma som ein reaksjon på det rådande politiske klimaet i USA, og då særleg politikken til den sitjande presidenten. The Future and thePast høyrer til mellom desse, men Prass hadde andre planar opphavleg.
Faktisk hadde ho skrive ferdig alt materialet til ei ny utgiving, studioet var tinga, bandet var klart. Så vart Trump vald, og artisten opplevde si eiga politiske samtid som så akutt kriseramma at ho kjende seg kalla – eller kanskje tvinga – til å nærme seg dette i ord og tone. Særleg verka det presserande å stille spørsmålet: Kva vil det seie å vere kvinne i USA i dag?
No tenkjer du kanskje «protestalbum» og dannar deg ei meining om eit bestemt musikalsk uttrykk, men då kan det vere du tek feil. Sjeldan har vel ei skute gått ned med meir vellyd enn med den eskalerande «Ship Goes Down», eitt av dei store høgdepunkta på The Future and the Past, og det lengste og mest komplekse sporet på albumet. Mellom dei andre eksplisitt politiske låtane finst den på alle måtar ruvande «Hot For the Mountain» med spel på fjellet som trope i den politiske songtradisjonen. Det kokar i songane på denne plata.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.