Rypdal har gjort det igjen
Nytt band inspirerer den gamle meisteren til nye bragder.
Terje Rypdal har komponert all musikken på albumet.
Foto: Urko Dorronsoro Sagasti / Wikipedia
I sitt 74. år har Terje Rypdal laga ei plate som vil stå fram sjølv i ein så profilert diskografi som hans eigen. Rypdal er tilbake sju år etter Melodic Warrior med nytt band og musikk som gjerne kunne hatt melodisk i tittelen. Her er det romantikaren og lyrikaren Rypdal som dominerer. Gitaren er i dette høve heile tida i sentrum. I tingingsverket Vossabrygg var det fasinasjonen for Miles Davis’ musikk frå Bitches Brew som var kunstnarleg drivkraft. I samarbeidet med Bergen Big Band på plata Crime Scene var det filmmusikken til krimsjangeren som var inspirasjonskjelde.
No tek han opp tråden frå nokre av dei mest sentrale utgjevingane sine på 70-talet, som Whenever I Seem To Be Far Away, Odyssey og Waves.
Rypdal har sjølvsagt komponert alle dei seks låtane som for det meste går i langsamt tempo. Berre på tittelkuttet rykkjer det i rockefoten. På opningslåten «As If The Ghost... Was Me!?» spelar Rypdal eit hymneliknande tema oppå eit diffust, skiftande klanglandskap og eit pulserande cymbalspel av Thowsen ala Tony Williams. På «What Was I Thinking» er Rypdal endå meir dvelande, og heile bandet tar del i fargelegginga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.