Røysta før og no

Kurt Wagner held fram med å vitalisere Lambchop-prosjektet.

Kurt Wagner (i midten) held liv i Lambchop.
Kurt Wagner (i midten) held liv i Lambchop.
Publisert

«The new isn’t so you anymore», opningssporet på This (is what I wanted to tell you) – det nye albumet frå Lambchop – rommar på eit vis alle dei viktigaste motsetjingane som definerer dei fine, nye songane til Kurt Wagner.

Som på Flotus (2016) er røysta manipulert, og mykje av det vi høyrer, er laga på ein datamaskin, men samstundes er Tony Crow der, på pianoet sitt, og brått kjem det ein nydeleg, varm munnspelsolo ved Charlie McCoy. Førespurnaden står sentralt på This (is what I wanted to tell you), der ordet «you» figurerer i albumets parentesiske tittel og i sju av åtte låttitlar, men Wagner syng om kulturell og politisk uro på ein spørjande – snarare enn agitatorisk – måte.

Det mest markante estetiske grepet på This er Wagners bruk av autotune, som eg vil tru deler trufaste Lambchop-lyttarar. Som verkty er autotuneteknologien utvikla for å perfeksjonere vokalprestasjonar, og er mykje brukt mellom anna i musikkindustrien i Wagners heimby Nashville, som pumpar ut sjellaus, kommersiell country for massane.

Ny ingrediens

Ikkje overraskande er dermed bruken av autotune i utgangspunktet suspekt i den alternative countrydelen av den fasetterte americanatradisjonen, eit sjikt der Lambchop med gode grunnar har plassert seg som eit sentralt bandprosjekt sidan midten av 1990-åra.

Sjølv rynkar eg ikkje på nasen over Wagners manipulasjon av si eiga røyst. Tvert om meiner eg grepet tilfører musikkuttrykket ein fascinerande ny ingrediens. I Wagners hender er sjølvsagt ikkje autotune eit korrektiv. Snarare er det destabiliserande og aktivt brukt for å skape eit slags maskinelt innslag i den elles så organiske musikken til Lambchop.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement