Røter av thrashmetal
Ekstremmetalsupergruppa Mr. Bungle går i barndomen med smittande entusiasme.
Mr. Bungle, metalsjangerens svar på Frank Zappa, har vore ein øyreopnar for mange: ein tovegs portal mellom ekstremmetal og det utvida musikkfeltet. Debutplata frå 1991 sjokkerte uskuldige lyttarar med ei kompromisslaus blanding av ska, funk, skrekkfilmatisk tivolimusikk, prog og frijazz. Andreplata Disco Volante (1995) var endå meir atonal og fri, og det svært samansette og gjennomproduserte albumet California (1999) tok den skamlause omgangen med kontrastar og klisjear til nye høgder.
Så vart det stille i eit par tiår, heilt til dei opphavlege medlemmene Mike Patton, Trey Spruance og Trevor Dunn fekk med seg Dave Lombardo frå Slayer og Scott Ian frå Anthrax på laget og returnerte til hardcore punk- og thrashmetal-røtene i bandets platekontraktlause ungdomstid. I 2020 spelte dei konsertar, gav ut ein coverversjon av punkbandet The Exploited og spelte inn og gav ut materiale frå og knytt til demokassetten The Raging Wrath Of The Easter Bunny (1986) på nytt.
Denne helga kjem The Night They Came Home, den offisielle utgjevinga av ein konsert som blei strøymd i oktober. Her framfører bandet materiale frå den nye gamle demoen i tillegg til coverversjonar av til dømes Van Halen og meksikansk folkesong.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.