Rommusikk med samtidsvri

Angrusori er eit spanande prosjekt med super kjemi.

Debutalbumet til det slovakisk-norske bandet Angrusori kom ut i mai.
Debutalbumet til det slovakisk-norske bandet Angrusori kom ut i mai.
Publisert Sist oppdatert

Samarbeidet mellom slovakiske rommusikarar og musikarpoolen Kitchen Orchestra frå Stavanger sameiner folketonar som har levd i munnleg tradisjon blant romfolk på den slovakiske landsbygda, og samtidsmusikk. Jana Belis?ova har samla inn materialet. Iva Bittová og Nils Henrik Asheim har komponert musikk i tillegg og arrangert det samla materialet for dette vesle store ensemblet.

Temaa som blir tekne opp i dei elleve songane, handlar, som ventande er, om kjærleik, lengt, sorg, fattigdom, forfølging og fyll. Tekstane uttrykkjer tristesse, men uttrykket er kombinert med ein viss ironi og glimt i auget. I «Joj, so kerava» heiter det: «Kva skal eg gjera, vinteren kjem/ kva vil skje med meg/ Kjærasten vil ikkje ha meg/ heller ikkje den vakre kona mi.»

Musikken tek utgangspunkt tradisjonelle låtar, men Bittová og Asheim tilfører med pietet element som er med på å forsterka karakteren til låtane eller gje dei ein tilleggsdimensjon. «Chude man vastetar» ville ikkje ha vore så djuptpløyande utan den innleiande vakre cellostemma og orkestercrescendoen. Det same kan seiast om saksofon- og orgelintroen på «Sar me khere dzava» og den frie og fabulerande introen og avslutninga på «Nadur le romendar o cintiris».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement