«River to Hell» og attende
Susannas hylling til Hieronymus Bosch loddar djupt.
Susanna Wallumrød stod bak tingingsverket til Vossa Jazz i 2017, som den nye plata tek utgangspunkt i.
Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix
Den nederlandske målaren Hieronymus Bosch (ca. 1450–1516) lét etter seg heller få maleri som ein med visse veit er måla av den originale kunstnaren. Tittelen på plata er namnet på ei altertavle som heng i Prado-museet i Madrid. Bandet har fått namn etter ein organisasjon Bosch var medlem av, The Illustrious Brotherhood of Our Blessed Lady.
Fantasy
Det meste av musikken er eit tingingsverk frå Vossa Jazz som vart urframført 8. april 2017. Ved dette leitet skreiv eg: «Allusjonane kjem tett som hagl. Dette er Lady of The Rings meets jazz, pop and electronica. Fantasy på sitt beste. Kronologien som tvangstrøye har Wallumrød kasta av seg, og soga er der som eit diffust bakteppe for bodskapen.» Det er forresten ikkje mykje jazz i dette uttrykket. Her er fingeravtrykka til komponisten meir enn tydelege, og nett denne kompromissløysa er med på å gjera dette verket og denne plata til noko heilt uvanleg. Det går ei linje frå Bosch via Hallesby til Susanna. Dei vakre melodiane står fram i all enkelheit for så å bli dregen inn i ein malstraum av elektronikk og eit lydbilete som til tider kan verka klaustrofobisk.
Susannas premissar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.