«Revolution Rock»
Algiers går 2020 i møte med sosialt engasjert postpunk.
Algiers likar ikkje stempel som «protestmusikk».
Foto: Algierstheband.com
Rock
Algiers:
There Is
No Year
Matador /
Playground
«Dispossession is coming for you», er den klare meldinga i «Dispossession», andrelåten på There Is No Year, det hardtslåande nye albumet frå Algiers.
Så kva er det som kjem etter deg, eigentleg? Det ligg kanskje i samansetjinga av ordet at «dispossession» har med tap å gjere, sidan «possession» peikar mot ei eller ei form for eigedom. Og det er dit vokalist og gitarist Franklin James Fisher vil ta oss – til ei form for frårøving.
«Dispossession» er eit skrømt som heimsøkjer oss, seier multiinstrumentalist og bandmedlem Ryan Mahan i eit presseskriv: Imperialismen har framleis ei vedvarande makt, han fornektar dei forteljingane som ber vitnesbyrd om den fortida, notida og framtida han har skapt. Somme lesarar vil vite at «dispossession» har ein særleg plass i litteraturen rundt nyliberalismen, mellom anna i skrifter av den marxistiske geografen David Harvey.
Punk og gospel
Algiers lagar postpunk smått miksa med sørstatsgospel, men er altså også eit band som får omtalar i Socialist Review. I fleire intervju stadfestar bandet at dei ikkje likar stempel som «protestmusikk» eller «politisk rock», men at dei snarare meiner at kvar song er eit uttrykk for noko som har ei forankring i det politiske. Korleis ein no enn vel å formulere det, er There Is No Year prega av kraftfullt uttrykt, sosialt engasjert musikk.
Fisher og Mahan har kjent kvarandre og gitarist Lee Tesche sidan oppvekstår i den amerikanske sørstatsbyen Atlanta, og saman med Matt Tong på trommer utgjer dei Algiers. Sjølv bandnamnet reflekterer ei kritisk interesse for det politiske og for den seigliva kolonitida, sidan Algiers har teke namnet sitt frå byen som var hjartet i sjølvstendekrigen som gjorde Algerie fri frå Frankrike i 1960-åra.
Randal Dunn og Ben Greenberg (Uniform) har produsert There Is No Year, som er spelt inn i Atlanta. Greenberg var også med sist, på The Underside of Power (2017), der Adrian Utley (Portishead) produserte.
Musikkhistorie
There Is No Year kjennest svært så forankra i den historiske og politiske augneblunken plata kjem ut i, men likevel lagar Algiers ein type musikk som har interessante musikkhistoriske forgreiningar. Plateselskapet Matador legg sjølv vekt på ein pirrande kombinasjon av referansar: industrielle lydlandskap frå Scott Walker i åra då han gav ut musikk på 4AD, Berlin-åra til Iggy Pop og David Bowie, og Marvin Gaye.
Nok sagt. 2020 vert eit lagnadsår, og vi kan like godt gå i gang med å uroe oss over det amerikanske presidentvalet i november, til tonane av There Is No Year – for som det heiter i «Dispossession»: «Run around, run away from your America/ While it burns in the streets.»
There Is No Year er til sals frå og med neste fredag.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.