Retur til røtene
Sampa the Great lagar stor musikk.
Sampa the Great voks opp i Botswana, og bur no i Australia.
Pressefoto
Den zambiske artisten Sampa the Great er til dels oppvaksen i Botswana og busett i Australia, og musikken hennar er storslagen. The Return, den tredje fullengdsutgjevinga hennar, handlar i stor grad om identitet, og for den som set pris på stilartar som neo-soul, afrobeat og hiphop, er dette ei ordentleg godsak. Og for dei av oss som er lut lei av misogynien i hovudstraumshiphopen, er framifrå, kvinnelege rapparar alltid eit friskt pust.
I likskap med nigerianske Burna Boy, som gav ut plata African Giant på seinsumaren, veit Sampa the Great å kommunisere sin eigen bravur. Hovmod, kunne ein kan hende tenkje, men begge artistane produserer sanneleg stor musikk. Sampa låner frå eit sjangerlandskap som har blitt forma under (gjen)oppbygginga av afroamerikansk identitet, medan ho med base i Australia blandar fleire tradisjonelle afrikanske element inn att i miksturen. Eit av høgdepunkta, låten «OMG», er overraskande og oppløftande nok del av lydsporet til fotballspelet FIFA 20, som for tida skvisar pengar ut or mindreårige.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.