Rett som ørnen stiger
Kalima og Reiersrud er musikalske sjelefrendar.
Gitaristane Kalle Kalima og Knut Reiersrud har tolka sju kjende og kjære låtar som har det til felles at mindre kreative musikarar ville ha slite med å setja stempelet sitt på dei. Låtar som Stephen Stills «For What It’s Worth», Felder, Frey og Henleys «Hotel California» og Trent Reznors «Hurt» har ein sterk og særmerkt identitet, og dei tradisjonelle indianske låtane «Strong Wind, Deep Water, Tall Trees, Warm Fire», «Kiowa Lullaby» og «Little One» representerer ei tilsvarande utfordring. Som om dette ikkje var nok, har dei òg gjeve seg i kast med ihelspelte «The Wayfaring Stranger». Dei landar fjellstøtt.
Fjellstøtt
Fjellstøtt kan også nyttast om kompet til Donkin og Black. Her er det ikkje spel for galleriet, men i mange detaljar syner Black seg som den eminente trommeslagaren han er, og Donkin dreg eit nydeleg kor på kontrabass i «The Wayfaring Stranger», ein låt Kalima og Reiersrud har arrangert i lag. Dei indianske låtane har Kalima arrangert aleine.
Meditativt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.