Renessansejul

The Sixteen syng musikk frå den mest fruktbare epoken i kyrkjeleg korsong.

CD

Ymse komponistar:

A Renaissance Christmas

The Sixteen; dir.: Harry Christophers. CORO 2018

Juleplata til The Sixteen er rein a cappella, altså korsong utan instrumentalt akkompagnement. Her presenterer det britiske ensemblet tolv renessansekomponistar som bidrog til å gjera perioden til den mest fruktbare med tanke på kyrkjeleg kormusikk. For ikkje berre blei det komponert svært mykje for kor på 1500-talet; det overleverte repertoaret held òg ein gjennomsnittskvalitet ingen andre musikkepokar kan måla seg med. Grunnen er vel at vokalpolyfonien, altså den fleirstemmige korsongen, var ein utprega internasjonal stil som blei laga etter internasjonale standardar. Konkurransen mellom dei beste komponistane var deretter.

Eldgamal julesong

Typisk for vokalpolyfonien i renessansen er at han tek utgangspunkt i ein eksisterande song eller melodi som det blir spunne ein komplisert tonevev kring. Døme på ein slik er «Resonet in laudibus», som fyrste gong blei festa til papir – eller rettare sagt pergament – i Bayern på 1300-talet, noko som gjer han til ein av våre eldste julesongar. Me har han på norsk òg: I Per Lønnings omsetjing heiter han «Klinge skal et jubelkor», og han står som nummer 29 i den nye salmeboka.

«Resonet in laudibus» er ein raud tråd på albumet. Me får han fyrst i den einstemmige «urversjonen» frå mellomalderen, sungen uvanleg rått og kraftfullt av The Sixteen. Men sidan både menn og kvinner syng med, spriker klangen litt for mykje; denne typen einstemmige songar kling best med enten kvinne- eller mannsrøyster.

Voggande

Den fyrste korversjonen er femstemmig, laga av Johannes Eccard (1553–1611), som var kapellmeister i Berlin og ein leiande musikarpersonlegdom etter reformasjonen. Eccard får fint fram det varsamt voggande i julemelodien. Meir spretten er versjonen til den slovenske komponisten Jacobus Gallus, òg kjend som Jacob Handl (1550–1591), der den fleirstemmige strukturen er mindre komplisert enn hjå Eccard. I staden utbroderer Gallus somme viktige ord med snøgge tonerekkjer, ein teknikk som skulle bli vanleg i barokken. Men den mest praktfulle av «Resonet in laudibus»-omarbeidingane er ført i pennen av Orlando di Lasso (1532–1594). Denne flamske tonekunstnaren, som var kapellmeister i Laterankyrkja i Roma og seinare blei hoffkomponist hjå hertugen av Bayern, skapar ein fullkomen balanse mellom fleirstemmig virtuoseri og tekstleg klårleik.

Men når det gjeld framføringa til The Sixteen, kunne klårleiken vore betre. Det har med vibratoen til sopranane og tenorane i dei snøgge partia å gjera, som stundom gjer det raffinerte fleirstemmige diffust. Dette er likevel marginale lyte. Alt i alt er A Renaissance Christmas både fint programmert og musisert – og ikkje minst herleg fri for svisker.