Reisa til Athen
Eleanor Friedberger stakk av og fann vegen til ei ny plate.
Hausten 2016, i det året ho fylte 40, fann Eleanor Friedberger ut at ho skulle bryte opp og forlate det heimlege USA for ei stund. Ho trong ei endring, og ein nyvald Trump flimra frå alle skjermflater. Artisten, som har gresk mor, enda for ei tid opp med å bu i Athen, eit oppbrot og eit opphald som har fått prege det forfriskande nye albumet Rebound.
Flytande synth
Borte er rett-fram-rockeuttrykket ho har dyrka i ulike variantar på tidlegare album, til fordel for programmerte trommer og ein Juno-synthesizer. Rebound byr på eit møte med ein Friedberger som er lett tilgjengeleg, men heilt på eigne premissar.
Miksen av ein flytande synth og ein elektrisk gitar som skrapar og hakkar litt, kler desse songane godt. «The Letter», ein fin refleksjon over korleis vi menneske kan kommunisere forbi kvarandre, er eit framifrå døme, «Nice To Be Nowhere» eit anna. Den siste synest eg det er vanskeleg å førestelle seg på noka tidlegare utgiving frå Friedberger, inkludert dei ho laga med bror sin i åra med The Fiery Furnaces.
Med Personal Record (2013) var inspirasjonskjelder som Elton John og Carole King tydelege, og studioproduksjonen var mange måtar som stilsikkert forankra i ein 1970-talsestetikk. Men kanskje var plata prega av mellomtemposongar som likna kvarandre vel mykje?
På det tidspunktet var Friedberger ein artist som skreiv og komponerte for seg sjølv, for så å ta alt med seg i studio. Under arbeidet med New View (2016) endra ho på denne metoden. Artisten flytta frå New York og ut på bygda, og utvikla i større grad enn før nytt materiale i samarbeid med bandet sitt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.