Regnbogetårer

Søstrene Casady er tilbake med eit knippe nye songar.

Konsertane til CocoRosie nærmar seg performance, og dei har teft for det som verkar slåande visuelt, skriv Øyvind Vågnes.
Konsertane til CocoRosie nærmar seg performance, og dei har teft for det som verkar slåande visuelt, skriv Øyvind Vågnes.
Publisert

Du har kanskje ikkje høyrt om «Aloha Friday»?

Det var i 1966 at ein prominent bankmann på Hawaii tok til å gå med det som har vorte kalla hawaiiskjorte på jobb kvar fredag, til dels for å promotere klesstilen, som sidan den gong har vorte ganske kvardags på arbeidsplassane der, i takt med mindre formell kledning på jobb.

Dermed er «Aloha Friday» i dag meir eit påfunn for å få folk i godt humør før helga, ikkje minst på arbeidsplassar rundt i verda som har markante innslag av tilsette frå Hawaii.

«Aloha Friday» er også tittelen på siste song på Put The Shine On, CocoRosies nye album, der dagen dannar eit kontrastrikt bakteppe for eit stykke makaber poesi i svart og grått, der hagane er tomme for blomar, der gravene er bygde for tronge, og der åmene drøymer utan auge, medan regnbogane græt, og himmelen blør.

Kulturelle ekko

Songen utgjer eit markant døme på bandets unike fantasikraft. Ikkje alle lesarar vil kjenne til CocoRosie, som vart grunnlagd av søskenparet Sierra og Bianca Casady for 18 år sidan. Særleg debutplata La Maison de Mon Reve (2004), med sine aner i den tidlege amerikanske bluestradisjonen, gjorde dei til americanayndlingar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement