Rause Nels Cline

Å setja Nels Cline i musikalsk bås kan ein berre gløyma.

Gitaristen Nels Cline har spelt på 150 plater.
Gitaristen Nels Cline har spelt på 150 plater.
Publisert

Det er ikkje nokon politisk bodskap i musikken til Nels Cline anna enn den treffande platetittelen, men Cline er raus. CD-en har ei speletid på over 80 minutt. Cline har ei fartstid som frilans musikar som syner at han har bydd på seg sjølv på meir enn 150 plater. Han har verkeleg delt på rikdomen.

Mest kjend er Cline som medlem av bandet Wilco sidan 2004, men han har hatt ein omflakkande karriere som har ført han innom ei mengd sjangrar og band. I Nels Cline Singers dyrkar han jazzen, rocken og samtidsmusikken i ein karakteristisk miks der ymse folkemusikkelement inngår. Ofte blandar dei det enkle harmoniske og rytmiske med støyelement. Bandet er tydeleg påverka av Hancock-sekstetten frå den eksperimentelle perioden deira tidleg på 70-talet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement