Rapsodisk
Julius Röntgens klaverkonsertar bognar av musikalske idear.
Julius Röntgen (t.v.) saman med venene Frants Beyer og Edvard Grieg på Løvstakken i Bergen i 1900.
Foto: Bergen off. bibliotek
CD
Julius Röntgen:
Piano Concertos 3, 6 & 7
Oliver Triendl, klaver; Kristiansand Symfoniorkester; dir.: Hermann Bäumer. CPO 2019.
Slik sett skilde han seg mykje frå Edvard Grieg: Komponisten Julius Röntgen (1855–1932) var eit vedunderbarn som kunne skriva stykke etter stykke så blekket spruta. Sju klaverkonsertar blei det til slutt; eit utruleg tal for ein seinromantikar. Grieg, derimot, greidde som kjent berre å fullføra éin, nemleg «a-mollkonserten» i 1868.
At den sistnemnde er ein av verdas oftast innspelte klaverkonsertar, medan Röntgens konsertar høyrer til dei sjeldne, kan ein skjøna når ein lyttar til Kristiansand Symfoniorkesters nye plate, der den framifrå tyske pianisten Oliver Triendl er solist. Ikkje at konsertane til Röntgen er keisame. Men særpreget som Griegs konsert har frå fyrste takt av – dei iøyrefallande melodiane og den djupt originale harmonikken – vantar.
Brahmske tendensar
Röntgen voks opp i Leipzig i ein gåverik tysk-nederlandsk familie. (Ja, han var i slekt med Wilhelm von Röntgen, han som fekk verdas fyrste nobelpris i fysikk for å ha oppdaga røntgenstrålar.) Som ung mann utvandra han til Amsterdam, der han briljerte som konsertpianist med samtidas store virtuosverk. Mellom anna spelte han Johannes Brahms’ andre klaverkonsert under leiing av Brahms sjølv. Brahmske tendensar merkar me i det fyrste av dei tre stykka på plata, Klaverkonsert nr. 3 i d-moll frå 1888. Dette tidlege verket er det mest klassisk-romantiske (les: konservative), med djupe, men klåre harmoniar og fine vekslingar mellom det rytmiske og det kontemplative som Brahms var så god på. Brahms’ smakfulle periodeoppdeling av melodiane er det derimot mindre av.
Klaverkonsert nr. 6 i e-moll og Klaverkonsert nr. 7 i C-dur blei til to år før Röntgen døydde i 1932. Både form og stil er her friare, instrumenteringa er fargerik og talet på musikalske tema elektriserande. Men er der kan hende for mange idear? Stundom kling det i overkant episodisk og usamanhengande.
Trio til fjells
Röntgen var ein noregsven. Og Noreg må ha vore ein Röntgen-ven, for i 1907 blei han tildelt St. Olavs orden. Men spor av norsk folkemusikk høyrer eg ikkje i konsertane – dei som vil høyra slikt, lyt skaffa seg fiolinsuiten Aus Jotunheim («Frå Jotunheimen»). Denne skreiv Röntgen etter ei av mange vandringane i den norske fjellheimen saman med Grieg og den bergenske juristen og amatørkomponisten Frants Beyer.
Dei tre var bestevener, og som takk for venskapen kalla Röntgen opp sonen sin Edvard Frants etter dei andre to. Grieg sette pris på dette, men i eit brev (1902) klaga han over at nemnerekkefylgja lét umusikalsk, noko Röntgen tok til etterretning: Den neste sonen fekk namnet Frants Edvard.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk-
meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.