Rapport frå lydlaboratoriet

Mats Eilertsen testar ut musikalske idear med eit kremlag.

Publisert

Denne soloplata til Mats Eilertsen skil seg markant frå det han har servert på andre utgjevingar. Både i musikalsk innhald og i arbeidsmåte er denne plata ganske atypisk og overraskande. Dette har ikkje vore ei innspeling i tradisjonell forstand. Eilertsen har spelt inn musikalske idear som han i neste omgang har sendt til Sundstøl, Aarset, Henriksen og Johansen og bede dei om bidrag spelt inn i dei respektive heimestudioa deira. Med Strønen var det omvendt. Eilertsen bad om innspelt materiale som han arbeidde vidare med. I tillegg har han spelt inn tre låtar utan bidrag frå andre.

Dette er ikkje ei solobassplate. Eilertsen er ikkje ute etter å syna seg fram som instrumentalist. Her er det komponisten Eilertsen som styrer skuta, men det musikalske universet er sterkt prega av bassens og orgelets djupare frekvensområde. Musikken spenner frå dystre droneinfiserte stykke til impresjonistiske tonemåleri. Aller best fungerer det på den magiske og arabisk-inspirerte «Nightride».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement