JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Rapport frå lydlaboratoriet

Mats Eilertsen testar ut musikalske idear med eit kremlag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1800
20190816
1800
20190816

Jazz

Mats Eilertsen:

Reveries & Revelations

Mats Eilertsen, bass, gitar, trøorgel og andre tangentinstrument; Geir Sundstøl, gitarar og banjo (1,9); Eivind Aarset, gitar (3); Arve Henriksen, trompet (10); Per Oddvar Johansen, skarptromme (10); Thomas Strønen, trommer, perkusjon og elektronikk (5,6,8). HUBRO HUBROCD2606

Denne soloplata til Mats Eilertsen skil seg markant frå det han har servert på andre utgjevingar. Både i musikalsk innhald og i arbeidsmåte er denne plata ganske atypisk og overraskande. Dette har ikkje vore ei innspeling i tradisjonell forstand. Eilertsen har spelt inn musikalske idear som han i neste omgang har sendt til Sundstøl, Aarset, Henriksen og Johansen og bede dei om bidrag spelt inn i dei respektive heimestudioa deira. Med Strønen var det omvendt. Eilertsen bad om innspelt materiale som han arbeidde vidare med. I tillegg har han spelt inn tre låtar utan bidrag frå andre.

Dette er ikkje ei solobassplate. Eilertsen er ikkje ute etter å syna seg fram som instrumentalist. Her er det komponisten Eilertsen som styrer skuta, men det musikalske universet er sterkt prega av bassens og orgelets djupare frekvensområde. Musikken spenner frå dystre droneinfiserte stykke til impresjonistiske tonemåleri. Aller best fungerer det på den magiske og arabisk-inspirerte «Nightride».

Eg oppfattar Reveries & Revelations som ein førebels rapport frå laboratoriet, eit spanande eksperiment der desse ideane blir testa ut for første gong. Sjølv om musikken står trygt på eigne bein, ser eg at dette har potensial til vidare utvikling, men eg har både kost meg med og grubla på denne plata i heile sommar.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis