Rapliner for fanene

Bokstaveleg gangsta-rap resonnerer ofseleg med tidsånda.

Publisert

Førre veke skreiv vi om nyutgjevinga av Gangsta Pats horrorcore-rap-klassikar Deadly Verses. Ei anna aktuell gangsta-nyutgjeving er den renoverte utgåva av dataspelet Mafia 3, der ein trer inn i rolla som afroamerikansk gangster i dei hyperrasistiske sørstatane i 1968, året Martin Luther King blei myrda. Musikken i spelet er frå 60-talet, men rasismen ein der virtuelt blir utsett for, eksisterer framleis i både openberre – jamfør Trumps stadig meir opplagde favorisering av kvite fascistar – og skjulte, systematiske former. Så for meir oppdatert mafioso-orientert musikk som rører ved tematikken, kan det splitter nye albumet til rapparen Freddie Gibbs og produsenten The Alchemist tilrådast.

Alfredo blir omgrepet gangsta-rap handsama på bokstaveleg vis. Utgjevinga kjem med eit mafiøst spaghettiomslag, og dei djupe beatsa er spekka med samplingar av og referansar til gangsterfilmar. Lyrikken, som blir presentert med fortrollande flow, er ekstremt aktuell nett no, når medvitet kring systematisk rasisme og politivald er større enn nokosinne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement