JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Rapliner for fanene

Bokstaveleg gangsta-rap resonnerer ofseleg med tidsånda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1813
20200612
1813
20200612

Hiphop

Freddie Gibbs og The Alchemist:

Alfredo

ESGN /ALC /Empire

Førre veke skreiv vi om nyutgjevinga av Gangsta Pats horrorcore-rap-klassikar Deadly Verses. Ei anna aktuell gangsta-nyutgjeving er den renoverte utgåva av dataspelet Mafia 3, der ein trer inn i rolla som afroamerikansk gangster i dei hyperrasistiske sørstatane i 1968, året Martin Luther King blei myrda. Musikken i spelet er frå 60-talet, men rasismen ein der virtuelt blir utsett for, eksisterer framleis i både openberre – jamfør Trumps stadig meir opplagde favorisering av kvite fascistar – og skjulte, systematiske former. Så for meir oppdatert mafioso-orientert musikk som rører ved tematikken, kan det splitter nye albumet til rapparen Freddie Gibbs og produsenten The Alchemist tilrådast.

Alfredo blir omgrepet gangsta-rap handsama på bokstaveleg vis. Utgjevinga kjem med eit mafiøst spaghettiomslag, og dei djupe beatsa er spekka med samplingar av og referansar til gangsterfilmar. Lyrikken, som blir presentert med fortrollande flow, er ekstremt aktuell nett no, når medvitet kring systematisk rasisme og politivald er større enn nokosinne.

I låta «Scottie Beam», til dømes, blir tematikken handsama med referanse til Gil Scott Herons berømte song «The Revolution Will Not Be Televised»: «The revolution is the genocide, yeah, my execution might be televised», rappar Gibbs (som òg er medlem i gruppa Pulled Over By the Police). Dette er berre eitt av mange døme på liner som resonnerer enormt med – og dessutan har blitt sitert på faner under – George Floyd-protestane. Hugs òg at Eugene Ejike Obiora blei drepen av politiet i Trondheim i 2006. Det vart inga rettferd.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar, kunstnar og fast musikk­-
meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis