Ramsalt
Barytonen Stuart Skelton (t.h.) i hovudrolla som Peter Grimes.
Foto: Bergen Nasjonale Opera
Snart eitt år er gått sidan Bergen Nasjonale Opera sette opp Benjamin Brittens (1913–1976) Peter Grimes i Grieghallen, med Bergen Filharmoniske Orkester og ei samanslutning av fire kor. Liveinnspelinga av denne produksjonen ligg no føre på CD.
Operaen frå 1945 handlar om fiskaren Peter Grimes som har mista læreguten sin til sjøs. Sjølv om det var ei ulukke, mistenkjer folk i fiskarlandsbyen han for å ha skuld i dødsfallet. Sidan han ikkje klarer seg åleine, hentar han seg ein ny gut frå ein barneheim. Då også denne mister livet i ei ulukke, går landsbyfolket berserk – og Grimes går i døden, frivillig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.